Haukelirennet er eit 32 km langt turrenn på Haukelifjell. I år blir det arrangert som eit virtuelt renn, og du kan gå når du vil i perioden 5. april til 18. april 2021. Rennet går i fristil. Startnummer og årets Haukelirennlue blir sendt i posten etter påmelding. Dette er eit renn på eige ansvar og me oppfordrar til å halde ein meter avstand og ikkje reise unødvendig. Hugs at du kan gå der du er. Distansen kan gjennomførast på ein tur, eller du kan dele den opp i perioden Haukelirennet 2021 pågår. Klarer du 32 km?